Sandeid.no - følg med på det som skjer lokalt
Sandeid.no - følg med på det som skjer lokalt
Heimesida til Sandeid, sandeid.no, har fått eit nytt tilskot: med lokale nyheiter som gjer det enklare for innbyggjarane å halde seg oppdatert på lokale hendingar.
Det er AdmMit som har lagt om sidene, og lagt til rette for at Fokus Sandeid kan utvikle sidene vidare. Endringa kjem som følge etter ønskje frå innbyggjarar om ei betre kjelde til aktuell informasjon frå bygda. Sjølve sida har i stor grad det same oppsettet som før, men felt med aktuelle nyheiter gir no ei tydelegare og meir dynamisk oppdatering av kva som skjer i nærmiljøet.
Dette er eit viktig steg for å styrke det lokale informasjonsarbeidet og gje folk enkel tilgang til å følgje med på det som rører seg i Sandeid.