Stolpejakten i Sandeid - ein god start på sesongen
Stolpejakten i Sandeid - ein god start på sesongen
Stolpejakten 2025 er i full gang i Sandeid, med oppstart 1. mai. Det er grendelaget Fokus Sandeid som står bak årets jakt, og i alt 88 stolpar er plasserte ut i områda Sandeid, Ilsvåg og Fjellstøl.
Allereie dei første tre vekene har over 5000 stolpebesøk blitt registrerte – ein verkeleg «pang-start» på sesongen! Det viser at tiltaket treff godt og inspirerer både store og små til å kome seg ut på tur.
Stolpejakten kombinerer fysisk aktivitet med innslag av lokal historie, og mange melder om gode opplevingar og fin turmotivasjon. Det er eit lågterskeltilbod som både styrkjer folkehelsa og aukar interessa for nærområdet vårt.
–
Topplistene i app’en viser at dei tre første som har besøkt alle stolpane er:
1. Johannes Helgevold
2. Sigbjørn Matre
3. Siv Monica Stople
Godt jobba 👏👏