I Helgevold skjer det mykje spennande om dagen!

I Helgevold skjer det mykje spennande om dagen!

I Helgevold skjer det mykje spennande om dagen!

 

I løpet av det siste året har heile underetasjen blitt oppgradert med betydeleg meir lagerplass. Den nye lagerheisen på 30 m² rommar heile 162 hyller – noko som gir 466 m² meir lagerplass. Eit nytt og moderne tavleverkstad er òg på plass, der me har fått installert ein CNC-maskin for holtaking i elektrotavler – noko som både aukar kvaliteten og sparer mykje tid.

 

No er det 1. og 2. etasje som står for tur – her blir gamle leilegheiter gjort om til 24 nye og moderne kontor. Det blir bygd eit tilbygg med både resepsjon, møterom og heis, og kantina blir større. Solceller på taket senkar straumrekninga, og vass- og kloakkleidning er flytta i samarbeid med Vindafjord kommune.

 

Heile bygget er venta å vere ferdig renovert hausten 2025.