AdmMit styrker laget – ung kompetanse frå Sandeid med på veksten

AdmMit styrker laget – ung kompetanse frå Sandeid med på veksten

IT-selskapet AdmMit er i vekst og har styrkt laget betydeleg den siste tida. På seks månader har seks nye medarbeidarar kome til, og selskapet har no 13 tilsette. Med rundt 320 kundar over heile landet, er behovet for dyktige fagfolk stort.

 

Jonas Vestbø (23) – ny systemutviklar hos AdmMit

 

Jonas Vestbø er ein av ungdomane frå Sandeid som har teke utdanning som dataingeniør, og som no er ein av dei nytilsette i AdmMit. For tida er han i opplæring ved hovudkontoret i Sandeid, før han frå hausten av skal arbeide frå avdelinga i Bergen.

 

– Eg fullførte ein bachelor i dataingeniør ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) i Bergen i 2023. Deretter starta eg på ein master i programvareutvikling ved Universitetet i Bergen (UiB). No har eg fullført første året av masteren, og etter sommaren skal eg både skrive masteroppgåve og jobbe for AdmMit, fortel Jonas.

 

Trass i at han berre har vore hos AdmMit i halvanna veke, har han allereie kome godt i gang.

 

– Det har vore hyggeleg å bli kjent med alle som jobbar her. Eg har fått arbeidsoppgåver som er veldig relevante for studiane mine, og eg ser for meg at AdmMit kjem til å bli ein spennande arbeidsplass. Eg trivst allereie veldig godt, seier han.

Jonas Vestbø