Strategisk løft for Sandeid

Strategisk løft for Sandeid

Rune Furseth sitt eigarselskap Smea AS har kjøpt seg opp til å bli storaksjonær i Nor Log Gruppen AS, med ein eigardel på 67 %. Det gjer Smea AS til den suverent største eigaren i det som vert rekna som eitt av Norges største transportfirmaer.

I samband med oppkjøpet er forretningsadressa flytta frå Sandefjord til Sandeid. Dette markerer ei viktig og synleg endring. At eit konsern av denne storleiken vel å knyte seg til Sandeid i så stor grad, er eit strategisk og tydeleg løft. Det kan på sikt til dømes bidra til nye arbeidsplassar og fagmiljø, auka etterspurnad etter lokale tenester og leverandørar, og styrka lokal stoltheit og synlegheit.

Satsinga kan gi gode ringverknader for både næringsliv, kommune og for innbyggarar.

(Basert på offentleg informasjon omtalt i Grannar 10. juli 2025.)

 

Lenke til artikkel i Grannar (for abonnement)