Ein ny destinasjon for turgåarar: Grillhytte ved Haukareitjørna
Turen til Haukareitjørna (416 moh.) har fått ei fantastisk oppgradering! I regi av Fokus Sandeid er det no sett opp ei ny grillhytte ved tjørna – eit tilskot som vil gjere turen endå meir attraktiv for alle som ferdast i det vakre turterrenget. Hytta, som nyleg vart frakta på plass med helikopter, er meint som eit naturleg samlingspunkt og ein trygg stad å søkje ly for både familiar og andre turgåarar.
Storslått opningsfest
Laurdag 6. september 2025 vart hytta offisielt opna, og arrangementet vart ein stor suksess. Med strålande vêr møtte kring 70 personar opp for å feire. Den gode stemninga vart toppa med heile 120 gratis pølser, servert av Fokus Sandeid. Den store oppslutnaden viser kor viktig dette prosjektet er for lokalsamfunnet.
Grillhytta er ei storslått gåve til bygda frå Admit Aktiv AS, ved Rune Furseth, som òg sponsa transporten. Denne generøsiteten, velvillige grunneigarar, kombinert med ei lynrask og positiv saksbehandling, samt tilskot, frå Vindafjord kommune har gjort prosjektet til ein realitet. Ein stor takk går òg til den dedikerte dugnadsgjengen. Med Kikkan i spissen, og med god hjelp frå Knut Furseth, Olav Lillehammer og Kåre Furseth, har mannskapet sørgd for at hytta no er på plass. Innsatsen deira gir eit betydeleg løft for både folkehelsa og turterrenget i området.
Om turen til Haukreitjørna
Tilkomst: Start ved parkeringsplassen på Fjellstøl skianlegg. Gå over brua og følg traktorvegen til skiltet «Hest – Vodli – Haukreidtjørn». Herifrå går turen på godt merka sti.
Avstand: Om lag 2,6 km tur/retur.
Tidsbruk: Cirka 1,5 timar tur/retur.
Vanskegrad: Enkel.
Den nye grillhytta vil ikkje berre vere ei varmestove og ein møtestad, men òg eit symbol på dugnadsånd og samarbeid.