Haustfest for Solstråle 4H i Sandeid
Søndag 19.10. arrangerte Solstråle 4H haustfest i Sandeid. 24 medlemmer stilte ut oppgåvene sine. Det var ekstra kjekt at me i år hadde heile 6 plakettmottakerar. Det er sjelden klubben har så mange plakettmottakerar, 1-2 stk har vore vanleg og me har ikkje hatt plakettmottakerar kvart år. Plaketten er den høgaste utmerkinga ein kan få som medlem i 4H og markerer avsluttinga på 4H løpet. Dei 6 gutane har bidratt i klubben med å ta ansvar for planlegging og gjennomføring av medlemsmøtene og dei har vore gode forbilde for dei yngre medlemmene.
Foto: frå venstre, Dag Andrè Apeland Skarpeid, Vegard Holthe Owe, Gudmund Håland Miljeteig, Ole Magne Leite Aandahl, Magnus Staknes Hauge og Kim Bjarte Rørheim.
© Johanna Håland Miljeteig
– klubbrådgjevar Anne Håheim –