God bruk av Fjellstølen Diskgolf
God bruk av Fjellstølen Diskgolf
I følge statistikken er det god bruk av Fjellstølen Diskgolf.
Bruken av diskgolfbanen held fram med å auke i 2025, og totalt vart det registrert 272 rundar. Aktiviteten svarar til om lag 732 000 steg, 2 212 spelte hol og heile 8 015 kast gjennom sesongen.
I alt 62 unike spelarar nytta bana, der ni av desse var heilt nye brukarar. Dette tyder på at anlegget både klarer å halde på eksisterande spelarar og samtidig rekruttere nye. Den mest spelte layouten var hovudoppsettet («Main»), med alle rundane registrerte der. Den travlaste dagen var 22. mars, med 11 rundar gjennomført. Sesongen gav også fire hole-in-one (aces), noko som bidreg til ekstra entusiasme.
Blant dei mest aktive spelarane var brukaren @jonehaaheim med 18 rundar, følgd av @bastitm (16) og @arvesandeid (14). Topp 10-lista viser eit godt engasjement og jamn aktivitet gjennom året.
Samla sett viser tala at Fjellstølen discgolf er i positiv utvikling, med aukande bruk, fleire spelarar og høg aktivitet. Dette stadfestar at bana har etablert seg som eit viktig lågterskel fritidstilbod i området.